Seniortur - Varden, Sandvoll

onsdag 7. april kl. 10:00 · Rudlen, Sandvoll

Frammøte ved Skarveland skule, Sandvoll kl. 10.00. Vi går på veg/sti til Rudlen der vi eit lite stykkje føl stien mot Beinahølen før vi tar til høgre på sti opp lia mot Skarvelandsstølen, og vidare opp til Varden. Etter å ha nytt utsikten går vi ned samme veg, og tar matpausen på Skarvelandstølen (avtalt med grunneigar). Etter matpausen går vi ned skogsvegen, og tilbake til Skarveland skule. Dette er ein forholdsvis bratt og tung seniortur med ein del våte og glatte parti, derfor har vi sett karakteren til KREVJANDE. HUSK: Fjellsko er alltid bra på slike turar ! VEL MØTT, turen er open for alle, her er det ingen som spør om alder... OBS : Ved fullført påmelding får du stadfesta deltakinga di pr SMS og e-post. Dersom du ikkje får slik stadfesting, må du prøva påmelding på nytt. Ta kontakt med ein av turleiarane dersom du har problem med påmeldinga. Frammøte: Kl. 10.00 ved Skarveland skule Turkarakter: KREVJANDE Turavgift: Ingen Turleiarar: Arnt Orholm (970 29 515) og Steinar Kroka (957 68 180) Vandringa: * Distanse: 8 km rundtur * Høgdeskilnad: 445 meter * Tidsbruk: Ca. 5 timar, pausar kjem i tillegg

Billetter og mer informasjon →

Åpne i Duito-appen

Har du ikke appen installert skjer ingenting når du trykker - dette er kun en lenke for de som allerede har Duito.

Mer som skjer i nærheten