lørdag 7. november kl. 19:00 · Bergslagen, Sunde i Sunnhordland
Laurdag 7. november blir det blueskveld i Bergslagen. Etter Husnes Blueslag sin reunionkonsert på Husnes Jazzklubb sitt 45-årsjubileum i fjor, der ei direkte videostrøyming vart fanga opp av folk i Bjørgvin Bluesklubb, vart blueslaget invitert til spelejobb på bluesklubben sitt konsertlokale på Madam Felle i Bergen. Blueslaget spelte for stinn brakke og topp stemning både på Madam Felle i april i år og på bluesfesten i Festsalen på Kulturhuset Husnes regi av Jazzklubben i mars. Dette gav meirsmak og lyst på fleire spelejobbar. Blueslaget sin stemningsfulle musikk, med låtval frå dei store artistane i bluesuniverset, vender seg til eit breitt lag i folket. Me nemner i fleng; Freddy King, Howling Wolf, Muddy Waters, Albert Collins, Peter Green, Eric Clapton, Duke Robbillard, Fabulous Thunderbirds, Vaughan Brothers og mange fleire. Husnes Blueslag gler seg stort til å entra scena på Brislingen i Bergslagen for å servera dampande og drivande blues til alle som er glad i levande og ikkje minst - for dei som kjenner det under føtene - svært dansbar musikk. Me seier som Fabulous Thunderbirds: “LET’S ROCK THIS PLACE”!
Billetter og mer informasjon →
Åpne i Duito-appenHar du ikke appen installert skjer ingenting når du trykker - dette er kun en lenke for de som allerede har Duito.