Skipsbygging i Hardanger og Sunnhordland på 1800-talet

torsdag 12. november kl. 18:00 · Bergslagen, Sunde i Sunnhordland

Torsdag 12. november kjem Håvard Gjerde frå Hardanger Fartøyvernsenter til Bergslagen for å fortelja om skipsbygginga i Hardanger og Sunnhordland på 1800-talet, og om dei lokale pinoérane som figurerer i denne soga. Ein av desse er Lars Jensen Hammeraas, som var meister for det største norske seglskipet Herman Lehmkuhl, som vart sjøsett i 1875. Hammeraas hadde fleire år i forvegen av dette sammarbeidd med nokre av skipsbyggjarane på Halsnøy. - Dei sokalla Halsnøy-meistrane er eit fenomen som eg kjem inn på. Der har du jo starten på Gravdalsverven òg, informerer Gjerde. Andre pionerar som blir løfta fram i føredraget er Johan Selsvik, John Børve, Rike-Trond, Gjert Gundersen Bakke og Sigbjørn Birkeland. Kven var dei, og korleis sette dei preg på skipsbygginga i andre delar av landet når dei drog ut? - Sunnhordland hadde flest skipsbyggarar medan Hardanger hadde mange reiarar og jakteskipparar. Men i kjeldene dukkar det òg opp byggmeistrar frå Hardanger. Strandebarm og Jondal etla fleire pionerar, men nokre kom også frå Kvam og Ullensvang. Og så har du jo Flage frå Voss, som etter kommunesamanslåinga også kan reknast til Hardanger, melder føredragshaldaren vidare. I tillegg til å presentere nokre av dei markante skipsbyggjarane, vil han òg fortelja om kunnskapen og kompetansen dei hadde, og som dei dimed tok med seg då dei reiste. - Eg vil snakke om konstruksjon og kravellbygging, som var ein sjeldan og ettertrakta kompetanse. Om korleis denne først fekk fotfeste i regionen, for så å bli tatt med ut til andre distrikt i Noreg. Innføringa av kravellteknologien kan kallast ein slags industriell revolusjon. Ikkje på grunn av nye maskiner, men ny teknologi og nye måtar å organisere arbeidet på. Foredraget byggjer på historiske fragment som gjennom åra Gjerde har jobba som fartøyvernkonsulent ved Hardanger Fartøyvernsenter, har teikna opp eit større bilete av skipsbyggjingshistoria frå regionen. - Men føredraget baserar seg ikkje på djupnestudiar. Eg har berre løfta på nokre steinar og sjekka nokre kjelder, sluttar Gjerde audmjukt.

Billetter og mer informasjon →

Åpne i Duito-appen

Har du ikke appen installert skjer ingenting når du trykker - dette er kun en lenke for de som allerede har Duito.

Mer som skjer i nærheten