lørdag 7. november kl. 11:00 · Tveitedalen, Holmedalsvegen 530, Utåker
Er du klar for ei løpsoppleving litt utanom det vanlege? Me lagar til terrengløp for både barn, ungdom og vaksne med løyper gjennom variert natur og terreng. Velkomen til jubileumsløp i Tveitedalen. Idrettslaget Ternen fyller 50 år, og ynskjer velkomen til jubileumsløp/terrengløp i Tveitedalen laurdag 7.november. Start barneløp (6-12år) kl.11.00 Start frå 13 år og oppover kl.11.45 Informasjon: Klasse 6–12 år • Deltakarane spring ei løype på om lag 2,5km • Langs løypa vil det vere nokre naturlege hinder og aktivitetselement, som til dømes: hinder å klatre over, balansehinder o.l. • Det vil vere vakter plasserte ved bruer og andre viktige plasser Klasse 13 år og eldre • Deltakarane spring ei løype på om lag 2,5km • Endeleg trasé blir fastsett veka før arrangementet, avhengig av vær og forholda i terrenget. • Løypa vil gå gjennom variert terreng, mellom anna: o Veg og grusveg o Skogsstiar o Myr • Det vil vera eit skiskyttarelement i løypa (truleg ved sandtaket). Bom vil føre til strafferunder. Ca 30 sek per runde. Det vert høve for å skifte i garderobanlegget i kjellaren. Premieutdeling når alle er kome i mål. Prisar: Trimklasse kr 100,- Konkurranseklasse kr 100,- Born (6-12 år) kr Gratis Born (13-15år) kr 50,- Påmelding: https://live.eqtiming.com/84740#eventinfo Open turkafè i Ternebu Alle er hjarteleg velkomne. Me ser fram til ein flott dag med aktivitet i dalen. Arr. -IL Ternen-
Billetter og mer informasjon →
Åpne i Duito-appenHar du ikke appen installert skjer ingenting når du trykker - dette er kun en lenke for de som allerede har Duito.