søndag 22. november kl. 14:00 · Vinjehuset, Raulandsvegen 60, Vinje
Den årlege basaren til Sanitetslaget er 22.nov. kl.1400 på Vinjehuset. Me har loddbøkar som er ute i forkant av basaren. Her er hovudvinsten ei kufte som er laga av sanitetskvinner; Kjersti Nordheim har spita, Inger Olsnes har sauma og Gerd Kari Årdalen har montert. Det blir og andre fine gevinstar på boka, bl.anna votter frå Ragnfrid Bakken og genserar frå Bjørg Dale Olsnes og Ragnhild Rinden. På sjølve basardagen er det rullelappar med nr. eller utan nr. Me håpar på mange fine gevinstar til basarbordet. Nytt av i år er at me tilbyd deg å kaupe ein enkel middag etter basaren. Ikkje stresse heim til middagslaging, men slappe av å nyte gevinstane dine og ein varm rett. Me sjåast på BASAR.
Billetter og mer informasjon →
Åpne i Duito-appenHar du ikke appen installert skjer ingenting når du trykker - dette er kun en lenke for de som allerede har Duito.