fredag 13. november kl. 19:00 · Vinjehuset, Raulandsvegen 60, Vinje
Evigvarande folketonar - konsert med Lina Haugholmen og Herman Gautefald. Felespelar Herman Gautefald og songarinne Lina Haugholmen er ein folkemusikkduo busett i Vest-Telemark. Herman bur i Kviteseid, og Lina bur saman med familien sin i Tokke, men båe kjem opphavleg frå Helle i kystkommunen Kragerø. Dei er svært begeistra for dei gamle og uutslitelege folketonane, og har no sett saman ein konsert dei har valt å kalle: «Evigvarande folketonar» Her har dei samla eit spennande og særmerkt repertoar, som inneheld mange av dei vakraste folketonane, slåttane og salmefolketonane. Fleire av tonane har òg sitt opphav i Vest-Telemark. Gjest denne kvelden er organist og felespiller Kjetil Bergheim.
Billetter og mer informasjon →
Åpne i Duito-appenHar du ikke appen installert skjer ingenting når du trykker - dette er kun en lenke for de som allerede har Duito.