tirsdag 10. november kl. 20:00 · Vinjehuset, Raulandsvegen 60, Vinje
Vinjehuset 10.11 kl. 20.00: Drapet på Benjamin Hermansen Ei vinternatt på Holmlia mistar den 15 år gamle Benjamin livet – drepen av 19 år gamle Joe Erling, berre fordi han har mørk hud. Eitt år seinare står Benjamins mor, Marit, overfor det verste marerittet ein forelder kan oppleve: rettssaka mot han som drap son hennar. Vi følgjer Marit sin kamp i rettssalen, og gjennom tilbakeblikk til livet før tragedien blir to lagnader vovne saman. Benjamin veks opp omgjeven av vener og ei mor som tek godt vare på han, medan Joe Erling blir forma i eit miljø prega av omsorgssvikt. Begge bur i område med låg sosial status. Benjamin opplever at politiet stigmatiserer han, medan Joe Erling glir inn i det nynazistiske Boot Boys-miljøet i jakta på tryggleik og tilhøyrsle. Filmen skildrar kor sårbart det er når unge gutar prøver å finne seg sjølve og sin eigen plass i fellesskapet – og kor katastrofale konsekvensane kan bli når hat får høve til å vekse. 25 år etter drapet på Benjamin Hermansen er dette ei historie vi framleis må fortelje – om rasisme, tap og håpet om forsoning i eit samfunn som ikkje må gløyme.
Billetter og mer informasjon →
Åpne i Duito-appenHar du ikke appen installert skjer ingenting når du trykker - dette er kun en lenke for de som allerede har Duito.