onsdag 15. september kl. 09:15 · Årsnes ferjekai
Me møtest for samkjøring på Årsnes ferjekai kl 09.15 (ferja går 09.30) for å reisa over til Gjermundshamn. Herifrå kjører me til Holdhus skulehus og tar av opp til Bygdastølen ski- og tursenter sin parkeringsplass (336 moh). Kjøringa tar 35 minutt. Parkering kostar kr 75 pr. bil. Turen startar roleg og me går ca 1 km i lysløypa. Vidare over på gammal traktorveg 1,3 km. Her svingar me inn på sti med variert stigning opp til Øykjafjellet 622 moh. Etter å ha nytt utsynet, tar me ei umerka løype på ca 1 km ned til Botnavatnet og ei dagsturhytte ved namn Tinahytta. Her tar me lunsj. Returen frå Tinahytta går på merka sti vel 1 km fram til me koplar oss på stien me kom opp. Det er vekslande underlag med våte myrar og fine flate berg. Reknar med me har god tid til ferja kl. 17.10 frå Gjermundshamn. HUSK : Vasstette sko med såle som gjev godt feste på berg ! VEL MØTT, turen er open for alle, her er det ingen som spør om alder... OBS : Ved fullført påmelding får du stadfesta deltakinga di pr SMS og e-post. Dersom du ikkje får slik stadfesting, må du prøva påmelding på nytt. Ta kontakt med ein av turleiarane dersom du har problem med påmeldinga. Frammøte: Kl. 09.15 på Årsnes ferjekai Turkarakter: MIDDELS Turavgift: Ingen Turleiarar: Eldbjørg Teigen (990 42 295), Vigdis Uglehus Bøyum (950 83 653) og Nils Olav Støle (918 78 115) Vandringa: * Distanse: 8,5 km tur/retur * Høgdeskilnad: 286 meter * Tidsbruk: Ca. 5 timar, pausar kjem i tillegg
Billetter og mer informasjon →
Åpne i Duito-appenHar du ikke appen installert skjer ingenting når du trykker - dette er kun en lenke for de som allerede har Duito.