Inspirasjonssamling for turlagsfolk 3.desember

torsdag 3. desember kl. 18:00 · Folgefonnsenteret og turistinformasjonen i Rosendal, Skålafjæro 17, Rosendal

Torsdag 3. desember kl. 18.00 i Folgefonnsenteret, Rosendal. Bli med Lerke Bie frå Stord/Kvinnherad på ei fascinerande reise gjennom Svalbards arktiske villmark . Våren 2026 gjennomførte ho ein 44 dagar lang skiekspedisjon med pulk og telt gjennom eit av Europas mest avsidesliggjande område. Gjennom bilete og forteljingar får du oppleve ekspedisjonslivet, møte med naturkreftene og utfordringane med navigasjon og ferdsel på bre og is. Ein inspirerande kveld for alle som er glade i friluftsliv, eventyr og natur Torsdag 3.desember inviterer vi til inspirasjonssamling med eit svært spennande føredrag og bildevisning. Då kjem nemleg Lerke Bie og tar oss med på ei bildereise til polare område på Grønland og Svalbard. Nokre bilder frå vårt nærområde Folgefonna kjem også med. Lerke Bie (25), opprinneleg frå Stord, men bur no i Kvinnherad. Ho har ein bachelor i Friluftsliv, kultur og naturvegleiing ved Universitetet i Bø. Lerke har jobba i fleire år som guide og breførar, og har mellom anna hatt oppdrag på Grønland, Svalbard og Folgefonna. Våren 2026 la ho ut på ein 44 dagar lang skiekspedisjon gjennom Svalbards storslåtte villmark. Med pulk, telt og ski gjekk ferda gjennom eit av dei mest avsidesliggjande villmarksområda i Europa. Under ekspedisjonen hadde Lerke særleg ansvar for bre, navigasjon og trygg ferdsel. Etter føredraget vert det enkel matservering og sosialt . Då får ein høve til å treffa likesinna, turinteresserte. I tillegg slepp vi turprogrammet for 2027 - her er altså mykje å glede seg til!

Billetter og mer informasjon →

Åpne i Duito-appen

Har du ikke appen installert skjer ingenting når du trykker - dette er kun en lenke for de som allerede har Duito.

Mer som skjer i nærheten