torsdag 26. november kl. 17:00 · BUA/Frivilligsentralen, gul dør, Øyro 24, Rosendal
Forny garderoba di på ein miljøvennleg og sosial måte! Ta med deg sju reine plagg i god stand. For kvart plagg du leverar inn, får du ein klesbyttelapp og kan velgje deg eit nytt plagg. Vi ønskjer også bytte av treningsklede og draktar, som får sin eigen plass saman med Rosendal Turnlag. Opplegget på Klesbyttedagen er enkel: Finn fram inntil sju plagg frå klesskapet. For kvart plagg du tek med, får du ein kupong som kan bytast inn i eit nytt plagg. Innlevering av klede skjer same dag på frivilligsentralen, frå klokka 1200 til arrangementet startar klokka 1700. Husk at alle kledene skal vere reine og i god stand!
Billetter og mer informasjon →
Åpne i Duito-appenHar du ikke appen installert skjer ingenting når du trykker - dette er kun en lenke for de som allerede har Duito.