lørdag 23. januar kl. 10:00 · Bergslagen, Sunde i Sunnhordland
På dette kurset vil du først få ei innføring i bruk av breikantpenn, samt introduksjon til ei mellomalderskrift som me skal bruka til å lage fine bokmerker. Etter lunsj lagar me ei lita bok, som me syr og limar saman på ein måte som kan gjentas heime. Har me tid til overs har Bas alltid nokre ekstra "ess i ermet"! Kurset blir halde i Bergslagen. Deltakaravgifta på 900 kroner inkluderer kurs, materiell, kaffi/te, og lunsj. Maks 16 deltakarar! Kalligrafi, skriftkunst eller kunsten å skrive bokstavar på ein kunstferdig måte, er eit handverk og ein kunnen som stadig færre kan eller kjenner til. Når kalligraf Bas Vlam vitjar Halsnøy kloster (føredrag 22. januar - informasjon om dette kjem) og Bergslagen i januar 2027, vil både den praktiske og teoretiske kunnskapen han har om dei historiske skriftformene bli formidla. Bas Vlam er født i 1963 i Nederland, men bur på Askøy utanføre Bergen. Bas har studert kalligrafi i Nederland og England og har vore på mange kurs med anerkjente kalligrafar som Donald Jackson, Jean Larcher, Gaynor Goffe, John Woodcock, Manny Ling, David Howells, Astrid Scholten, Mary Noble og Ann Hechle. Bas held kurs og føredrag i kalligrafi, brushlettering og bokbinding for både vaksne og born, skriv artiklar og er mykje brukt i Den Kulturelle Skulesekken.
Billetter og mer informasjon →
Åpne i Duito-appenHar du ikke appen installert skjer ingenting når du trykker - dette er kun en lenke for de som allerede har Duito.