onsdag 25. november kl. 19:00 · Lom folkebibliotek, Bergomsvegen 29, Lom
Kva gjer vi når energiprisane stig, varer uteblir og samfunnet må klare seg på eigne ressursar? I høve totalberedskapsåret inviterer vi til foredrag med sivilingeniør Carla Susana A. Assuad. I foredraget viser ho korleis berekraft handlar om langt meir enn klima og miljø. Det handlar også om tryggleik, beredskap og evnen til å stå støtt i ei uroleg verd. Assuad er førsteamanuensis ved NTNU, Fakultet for ingeniørvitenskap, og arbeider med berekraft og sirkulær økonomi. Gjennom konkrete eksempel ser ho nærare på korleis sirkulær produksjon – kunsten å bruke ressursane vi allereie har, om og om igjen – kan gjera samfunnet meir robust og mindre sårbart. Korleis det som vi kastar, kan bli en ressurs. Kvifor gjenvinning og lokal produksjon blir stadig viktigare. Og kva kvar enkelt av oss kan gjera i kvardagen. Krigen i Europa, uro i energimarknadene og sårbare handelsruter har vist kor avhengige vi er av globale system. Foredraget set desse utfordringane inn i ein lokal og praktisk samanheng, og inviterer til refleksjon rundt korleis vi kan bygge eit tryggare og meir berekraftig samfunn – eitt val om gongen. Foredraget er del av ei foredragsrekkje ute på biblioteka i Innlandet i høve totalberedskapsåret, finansiert av Innlandet fylkesbibliotek. Arrangementet er i regi av Lom folkebibliotek i samarbeid med Innlandet fylkesbibliotek. Kontakt Lom folkebibliotek ved spørsmål om arrangementet.
Billetter og mer informasjon →
Åpne i Duito-appenHar du ikke appen installert skjer ingenting når du trykker - dette er kun en lenke for de som allerede har Duito.