Open lesesirkel: «Ukjent soldat» av Väinö Linna

mandag 16. november kl. 18:00 · Biblioteket, Bergomsvegen 29, Fossbergom

I vår starta vi opp tilbodet Open lesesirkel på biblioteket. Gjennom prosjektet «Litterær beredskap» vil vi oppmuntre folk til lesing. Eit lesande folk er viktig for totalberedskapen. I lesesirkelen har vi i år valt å sette fokus på Norden og det nordiske. Kva vil det seia å vera nordisk? Kva har forma menneska og samfunna våre, i tidlegare tider og i dag? Vi har valt ut nokre klassikarar og nokre nye og moderne verk. Vi vil lesa bøker av forfattarar frå alle dei nordiske landa, fire bøker i løpet av våren og tre i haust. Det er heilt uforpliktande å delta på møte. Du kan ha lese boka før møtet, eller du kan berre følge med på samtalen om boka. Sjuande og siste bok ut i år er den finske klassikaren «Ukjent soldat», skrive av Väinö Linna i 1954. «Ukjent soldat» er ei naken og utilslørt krigsskildring, ei bitande beretning full av galgenhumor og jordnær realisme. Handlinga er lagt til den finske Fortsetjingskrigen (1941–1944) da Finland - med tysk hjelp - forsøkte å vinne attende landområde som Russland sikra seg under Vinterkrigen. Vi følgjer ei brokete forsamling maskingeværskyttarar som bannar, spøkjer, kjeder seg og slåst mot dødsangsten i dei finske skogane og myrene. Romanen har ein heilt sentral plass i moderne finsk litteratur, og filmatiseringa frå 2017 var årets best besøkte kinofilm i Norden det året. Biblioteket låner inn bøker til deg som er interessert i å vera med. På møta set vi av om lag ein time til samtale om bøkene. Det blir enkel servering. Det er gratis å delta. Du treng ikkje melde deg på, berre møte opp. Vel møtt til møte i lesesirkelen måndag 16. november kl. 18.00.

Mer informasjon →

Åpne i Duito-appen

Har du ikke appen installert skjer ingenting når du trykker - dette er kun en lenke for de som allerede har Duito.

Mer som skjer i nærheten