onsdag 18. november kl. 19:00 · Utgard fleirbrukshus, Bergomsvegen 41, Fossbergom
Rundt kjøkenbordet samlast vi. Her blir det drukke kaffi, skrive songar, øvd, prata og delt tankar. Det er ein stad for det nære og ekte, for latter, historier og stillheit som ikkje treng å fyllast. Denne konserten tek med seg nettopp den kjensla inn i konsertrommet. Publikum får vere med å trekkje songane som skal spelast, og kvar melodi får sitt liv i augneblinken. Det blir som ei øvingsstund rundt kjøkenbordet, med kaffikoppen innan rekkevidde, småprat mellom songane og musikk som veks fram der og då. Songane krinsar rundt det som bind oss saman: kjærleik, fellesskap og lengta etter å høyre til. Jordnære forteljingar om livet slik det er, med både varme, humor og ettertanke. Kanskje stemmer fleire røyster i undervegs. Kanskje blir det allsang. Uansett lovar vi eit møte med låge skuldre, nærleik og musikk som inviterer deg heilt inn til bordet. Velkomen. Frikk Gjeilo er ein låtskrivar, lyrikar og musikar frå Lom i Gudbrandsdalen, kjend for å skrive personlege tekstar på lomsmål. Han byrja å skrive tekstar allereie i ung alder, men debuterte som artist med singelen Planet i 2020. Sidan har han gitt ut albuma Hyttebok (2021) og Heim åt meg (2023), som har fått merksemd for sitt varme og jordnære uttrykk. Gjennom musikken sin skildrar han menneske, stader og kjensler frå heimbygda med eit nært og ekte språk. Mari Midtli er ein folkemusikar frå Sel, busett i Lom. Ho har gjeve ut fleire kritikarroste album og vunne prisar som Toneprisen, Folkelarmprisen og vunne vokal klasse A på Landskappleiken. Ho er kjend for å bruke folkesongtradisjonen frå Gudbrandsdalen og har formidla denne på fleire nasjonale scener. Foto: Lars Evensen
Billetter og mer informasjon →
Åpne i Duito-appenHar du ikke appen installert skjer ingenting når du trykker - dette er kun en lenke for de som allerede har Duito.