søndag 22. november kl. 15:00 · Bergslagen, Sunde i Sunnhordland
KNUT VAAGE sitt Skråblikk på Haugtussa I 2023 skreiv Knut Vaage eit usedvanleg stykke for stemme, sopran og piano, eit verk som tar føre seg Arne Garborg si «Haugtussa», men med andre dikt enn dei Grieg nyttegjorde i sin versjon. I Skråblikk er stemma det berande forteljarelementet, som blir fargelagd av sopranen og klaveret. Lyttaren blir invitert inn i eit friskt, nyskapande og magisk lydlandskap, kor dei mørkare og meir overnaturlege sidene i Garborg sitt dikt gjer seg til kjenne. Hausten 2023 vart Skråblikk spelt inn av den same trioen som kjem for å framføra verket i Bergslagen søndag 22. november. Komponist Knut Vaage vil sjølv vera til stades for å gi ein kort, innleiande presentasjon. Medverkande: Hilde Haraldsen Sveen (sopran) er professor i song ved Griegakademiet, Universitetet i Bergen. Ho er utdanna ved Agder musikkonservatorium og Hochschule der Künste i Berlin, og var engasjert ved fleire tyske operahus før ho i 2001 debuterte ved Den Norske Opera som Gilda i Rigoletto. Sveen er ein ettertrakta songar innan opera, oratorium og romanse, og har spelt inn mykje norsk repertoar, blant anna Griegs og Vaages Haugtussa saman med Knut Christian Jansson. Ragnhild Gudbrandsen (stemme) er skodespelar ved Den Nationale Scene i Bergen, der ho har vore fast tilsett sidan 2008. Ho er utdanna blant anna ved Roy Hart Theatre i Frankrike, og har arbeidd mykje internasjonalt. Gudbrandsen har spelt sentrale roller hos Ibsen, Tsjekhov og Fosse, mottok Pernillestatuetten i 2013, og er kjend frå TV-seriane Okkupert og Beforeigners. Ho opptrer også jamleg som resitant med kor og orkester. Knut Christian Jansson (piano) er pianist og kantor i Fridalen kirke, og underviser ved Griegakademiet. Han studerte klaver med Jiří Hlinka og Einar Henning Smebye, og har kyrkjemusikkutdanning frå Griegakademiet. I Fridalen har han bygd opp ei kulturkyrkje med eigen konsertserie og eit korarbeid for born og unge, med rundt 170 songarar. Som pianist har Jansson vore solist med blant andre Bergen Filharmoniske Orkester. Han har dessutan gitt ut fleire plater på eige selskap, JanssonRecordings, med musikk av blant andre Grieg, Vaage, Strauss, Beethoven og Mozart. Han har mottatt Johan Nordahl Brun-prisen og biskopens kulturpris.
Billetter og mer informasjon →
Åpne i Duito-appenHar du ikke appen installert skjer ingenting når du trykker - dette er kun en lenke for de som allerede har Duito.