Tusenhjarteslag: Yoga med Anne Marie (påmelding her)

lørdag 14. november kl. 14:00 · Røde kors-huset, Onstadvegen 38, Aurland

Anne Marie Torheim og FJORDYOGA gir oss yoga for indre ro, styrke og fellesskap Velkomen til ei yogaøkt der vi gjennom rørsle, pust og kvile skaper rom for både energi, ro og ettertanke. Vi startar med ein mjuk strekk for å vekkje kroppen, før vi går vidare til dei fem tibetanske ritene. Deretter senkar vi tempoet med roleg og varsam yinyoga, før vi avsluttar med djup kvile og behageleg aromaduft. Gjennom økta vil vi også hente inspirasjon frå yogafilosofien og temaet fred, medmenneskelegheit og samhald. Yoga handlar ikkje berre om fysisk styrke og balanse, men også om å utvikle indre ro, openheit og merksemd. Når vi tek vare på oss sjølve, kan vi også finne overskot og styrke til å ta vare på andre. Gjennom yoga kan vi styrkje både håpet og viljen til å bidra, vise omsorg og møte kvarandre med aksept og kjærleik. Ei stund for deg sjølv, med rom for både kropp, sinn og fellesskap. Pris for enkeltbillettar: Medlem/ordinær: 200/300 Deltaking krev påmelding her i Friskus! Stadfest påmeldinga med å vippse rett beløp til Vipps-nummer 33485 (dersom du ikkje har helgepass). Ta kontakt om du ynskjer å betale på anna måte. Vil du bli medlem i Folkeakademiet Aurland? Trykk her.

Billetter og mer informasjon →

Åpne i Duito-appen

Har du ikke appen installert skjer ingenting når du trykker - dette er kun en lenke for de som allerede har Duito.

Mer som skjer i nærheten