Kurs i flugebinding

mandag 9. november kl. 17:00 · Bibliotek, Skulevegen 5, Aurland

Biblioteka i Sogn inviterer no til kurs i flugebinding i samarbeid med Villakssenteret i Lærdal og den erfarne flugefiskaren og kurshaldaren Vidar Lillevik. Kurset er ope for både ungdom og vaksne, og ein treng ingen førkunnskapar for å delta. Målet er å gi deltakarane ei praktisk innføring i eit tradisjonsrikt handverk som kan opna døra til både naturopplevingar og ein ny hobby. På kurset får deltakarane læra om ulike flugetypar, materialval og enkle teknikkar for å binda effektive fiskefluger. Kvar deltakar får prøva seg på å laga fleire eigne fluger og får samstundes ei innføring i kva utstyr som trengst for å koma i gang på eiga hand. Kurshaldar Vidar Lillevik kjem opphaveleg frå Stord, men er i dag busett i Lærdal. Gjennom firmaet VL Flyfishing arbeider han med sal av utstyr, guiding, kurs og føredrag innan flugefiske. Lillevik har over 40 års erfaring med flugefiske og har drive med flugebinding sidan han var liten. Kursa er støtta av Vestland fylkeskommune. Påmelding innan 6. november på Aurland folkebibliotek eller aurland.folkebibl@aurland.kommune.no

Billetter og mer informasjon →

Åpne i Duito-appen

Har du ikke appen installert skjer ingenting når du trykker - dette er kun en lenke for de som allerede har Duito.

Mer som skjer i nærheten