fredag 13. november kl. 10:00 · Norsk fjellsenter, Brubakken, Lom
Norsk fjellsenter og DNT Gudbrandsdalen inviterer til vidaresal av brukte vinterklede og skiutstyr til vaksne og ungdom. Er du klar for snø, ski og kalde dagar? Stikk innom oss og fiks vintergarderoben og utstyrsboden – utan å tømme lommeboka! Eller har du noko du vil selge? Sjå under. Når: Fredag 12. og laurdag 13. november kl. 10–16 (utstyr og klede for ungdom og vaksne) Kvar: Norsk fjellsenter i Lom Det blir også ein runde til med bruktsal før jul, under julemarknaden i Lom laurdag 5. desember. Når: Laurdag 5. desember kl. 11–15 Kvar: Norsk fjellsenter i Lom Museet er ope, det blir gode tilbod i museumsbutikken og aktivitetar for barn. Spar pengar, spar miljøet, og få kvalitetsutstyr som varar! Kanskje finn du akkurat den dunjakka eller dei fjellskia du manglar? Alle varer skal vere reine og i god stand – klare for nye eventyr! // 𝗛𝗔𝗥 𝗗𝗨 𝗨𝗧𝗦𝗧𝗬𝗥 𝗘𝗟𝗟𝗘𝗥 𝗞𝗟𝗘𝗗𝗘 𝗗𝗨 𝗩𝗜𝗟 𝗦𝗘𝗟𝗚𝗘? Har du ei skalbukse som blei for trang, ullundertøy du ikkje brukar meir eller eit par ski for mykje? Gi utstyret ditt eit nytt liv! 𝗦𝗹𝗶𝗸 𝗹𝗲𝘃𝗲𝗿𝗲𝗿 𝗱𝘂 𝗶 𝗟𝗼𝗺: Kom innom Norsk fjellsenter kvardagar kl. 9–16 - gå inn døra på baksida av bygget og heng frå deg klede på stativet i gangen. Du finn snor og lappar til å henge på kleda/utstyret i gangen. Hugs å merke alt med pris og ditt mobilnummer (Vipps). Du bestemmer sjølv pris. Levering på fjellsenteret seinast fredag 13. november kl. 8–10. 𝗦𝗹𝗶𝗸 𝗹𝗲𝘃𝗲𝗿𝗲𝗿 𝗱𝘂 𝗶 𝗦𝗸𝗷å𝗸: Kom innom DNT Gudbrandsdalen sitt kontor (Skjåk almenning) kl. 8–15.30. Du finn snor og lappar til å henge på kleda/utstyret. Hugs å merke alt med pris og ditt mobilnummer (Vipps). Du bestemmer sjølv pris. Levering i Skjåk seinast onsdag 11. november kl. 15.30. Kleda/utstyret må vere reint og i god stand. Det går heilt fint at det er reparert, men det må ikkje vere lurvete. Klede/utstyr du leverer som ikkje blir seld kan hentast på fjellsenteret etter julemarknaden 5. desember, eller du kan velge at dei blir donert. På kleslappen kan du huke av for om du vil hente tinga om dei ikkje blir seld, eller om du ynskjer at dei blir donert bort.
Billetter og mer informasjon →
Åpne i Duito-appenHar du ikke appen installert skjer ingenting når du trykker - dette er kun en lenke for de som allerede har Duito.