Biblioteklønsj med Synne

fredag 29. januar kl. 11:30 · Biblioteket, Bergomsvegen 29, Fossbergom

OBS: NY DATO: 29. januar 2027 Synne Skogsrud vart tilsett i stillinga som kommunedirektør i mars i år. Synne er 44 år og bur i Lom. Ho har tidlegare vore kommunalsjef for oppvekst, helse og meistring og konstituert kommunedirektør i Lom kommune. Ho har 16 års leiarerfaring på ulike nivå i kommunen. Ho fullfører i vår nasjonalt toppleiarprogram for kommune- og spesialisthelsetenesta ved Handelshøyskolen BI der ho oppnår ein Executive Master of Management. Synne vil dele erfaringar frå den fyrste tida si som kommunedirektør i Lom. I høve totalberedskapsåret 2026 vil ho òg sette søkelys på beredskap, både i kommunal regi, blant innbyggjarane og generelt. i samfunnet. Billettar: 200 kr inkl. mat. Billettar må kjøpast på førehand. Avgrensa tal plassar. (Arrangementet går føre seg på biblioteket. Vi brukar billettsystemet til Utgard.)

Billetter og mer informasjon →

Åpne i Duito-appen

Har du ikke appen installert skjer ingenting når du trykker - dette er kun en lenke for de som allerede har Duito.

Mer som skjer i nærheten