lørdag 7. november kl. 11:00 · Ørstahallen, Holmegata 20, Ørsta
Er du glad i klatring, eller har lyst til å ta brattkort saman med andre friluftsinteresserte ungdomar? Bli med på ei sosial og innhaldsrik klatrehelg i Volda og Ørsta! Laurdag møtest vi i Ørsta Klatrehall kl. 11.00. Her startar brattkortkurset, som varer fram til kl. 16.00. Etter ein dag på veggen samkøyrer vi opp til Kolåstindhytta. Der lagar vi felles middag, senkar skuldrane og nyt ein sosial kveld med godt selskap, latter og hyttekos. Søndag startar vi dagen med frukost før vi køyrer saman til Voldahallen. Her held brattkortkurset fram frå kl. 10.00 til 15.00. For dei som allereie har brattkort, blir det sosial klatring og ulike klatreaktivitetar gjennom dagen. Vi samlast til felles pausar og sørgjer for ei kjekk helg for både nye og erfarne klatrarar. Inkludert Brattkortkurs Middag laurdag Overnatting på Kolåstindhytta Dette må du dekke sjølv Inngang i klatrehallane Leige av klatreutstyr ved behov Transport til og frå Kolåstindhytta (vi organiserer samkøyring) Frukost søndag Niste begge dagar, frukost søndag og evt. snacks Pakkeliste Lakenpose Klede til å klatre i Klatresko Sele (om du har) Skift til hytta Toalettsaker Matpakke/niste Drikkeflaske Dette blir ei helg med mykje klatring, nye utfordringar og masse sosialt. Enten du skal ta brattkort eller allereie har det i boks, får du henge med ein gjeng som deler interessa for klatring og friluftsliv. Klatring på dagtid, hyttekveld med god mat og prat på kvelden, og ei heil helg full av meistring og nye opplevingar. Vi gler oss til å sjå deg!
Billetter og mer informasjon →
Åpne i Duito-appenHar du ikke appen installert skjer ingenting når du trykker - dette er kun en lenke for de som allerede har Duito.