Tysdagsklatring i Ørsta

tirsdag 10. november kl. 17:30 · Sunnmørsk Klatreklubb, Holmegata 20, Ørsta

Bli med DNT Fjellsport på tysdagsklatring! Tysdagsklatring er eit sosialt tilbod for å klatra i lag. Målet med denne klatringa er å få ei god økt, men også at du kan finna likesinna klatrarar og fjellsportinteresserte. Vi startar med felles oppvarming, før vi deler oss opp i taulag/buldring/kiltring, alt etter kva deltakarar ønsker. Sjå etter klede med DNT-logoen i hallen, så finn de oss. Klatringa er åpen for alle, både nybegynnarar og viderekomne er velkommen til å vera med. Frivillige vertar er disponible for rettleiing og utleige av utstyr, men driv ikkje kursing. Alle er ansvarleg for eigen kompetanse, tryggleik og utstyr. Dei som har topptaukort og/eller brattkort skal kjenne til ansvarserklæringa som gjeld for god klatreskikk og trygg klatring: https://klatring.no/ansvarserklaering Tidsrom og stad : Kvar tysdag i Klatrehallen i Ørsta klokka 17:30 – 19:00. Ved særs godt vær er det mogleg me flyttar oss ut. Me tar i så fall kontakt med dei som er påmelde her. Pris: DNT-medlem får studentpris, som ein betaler i klatrehallen (100,- for drop-in, og eventuelt 50,- for utstyrsleige). Utandørs klatring er gratis. Ta med: Dersom du har eige utstyr er det fint om du stiller med det, men det er også mogeleg å leiga i klatrehallen når me klatrar inne. DNT har nokre tau til utlån ved behov når me klatrar ute. Når me drar ut for å klatra på lokale klatrefelt må du stilla med alt utstyr selv, og eventuelt koordinera deg med dei andre som er med på klatringa. Aktivitetsleiar: Kristine (92664939). Ta kontakt om du har spørsmål! Medlemar i DNT støttar si lokale foreining i drift av hytter, ruter og aktivitetar for dei aller fleste. Melder du deg inn, får du rabatt ved overnatting på alle DNT-hytter i Norge, på aktivitetar og i tur- og nettbutikk. Du får også friluftsmagasinet Fjell og Vidde 4 gongar i året og ei rekke andre medlemsfordelar. Her kan du lesa meir om medlemskap og melde deg inn. Flere datoer: 33 ganger fram til 17. juni.

Billetter og mer informasjon →

Åpne i Duito-appen

Har du ikke appen installert skjer ingenting når du trykker - dette er kun en lenke for de som allerede har Duito.

Mer som skjer i nærheten