UTSELD // Ni rettar, fem øl

onsdag 30. desember kl. 18:00 · Kyrkjevegen 2d, Dombås

UTSELD! Interessa overgjekk våre villaste fantasiar. Det tok ikkje to timar eingong før mat- og ølkvelden 30. desember vart utseld. Tusen takk til alle som har reservert bord! Og sei gjerne frå om de ynskjer at vi skal gjera liknande ting i framtida! ============== Velkomen til ein kveld utanom det vanlege, der gastronomi møter bryggekunst – og gode råvarer, kreativitet og handverk står i sentrum. To Michelinkokkar har sett saman ein meny med ni nøye komponerte rettar, der smak, tekstur og overraskingar spelar hovudrolla. Den eine kokken er Simen Vorkinn, som har erfaring frå nokre av dei mest anerkjende Michelinrestaurantane i Norden – RE-NAA og K2 i Stavanger, Frederikshøj og Kadeau i Danmark og Speilsalen i Trondheim. Den andre kokken er Mari Soleim Brennhaugen, som har erfaring frå Brimibue i Lom og Michelinrestauranten Statholdergaarden i Oslo. No tek dei med seg kunnskapen, kreativiteten og lidenskapen for mat til kjøkkenet på Bokhandelen. Og god mat fortener godt drikke. Bokhandelen sitt eige mikrobryggeri har brygga fem øl til denne middagen – eit par gamle kjenningar, og nokre nye variantar som er spesialbrygga for anledninga. Kvart øl er valt ut og tilpassa for å spele saman med smakane på tallerkenen – nokre gonger for å framheve, andre gonger for å utfordre og overraske. Resultatet er ei reise gjennom ni rettar og fem øl, der kokkekunst og bryggjekunst møtest i ei heilskapleg smaksoppleving. Dette er ikkje berre ein middag – det er ein kveld for deg som set pris på gode smakar og godt handverk. Middag med ølpakke kostar 1490 kroner, og vi har sett ei grense på 30 personar, slik at alle skal få ei god oppleving. Om du ikkje vil ha ølpakke, er prisen 1290 kroner, og da står du naturlegvis fritt til å kjøpe vin eller alkoholfrie alternativ til maten. Send oss ei melding på Facebook eller en e-post til hei@gamlebokhandelen.no for å bestille. Fyrste retten serverast klokka 18.00, og vi gleder oss til å ynskje velkommen til bords!

Billetter og mer informasjon →

Åpne i Duito-appen

Har du ikke appen installert skjer ingenting når du trykker - dette er kun en lenke for de som allerede har Duito.

Mer som skjer i nærheten