Julekonsert med Daniel Kvammen på Bokhandelen

torsdag 26. november kl. 20:30 · Kyrkjevegen 2d, Dombås

Eg vil synge jula inn for alle uss som kjem frå ei lita bygd. Reise dit det finns snøkvite vegar, til ein stad lengst oppe i ein dal, i ei vik, i enden av ein fjord. Der ligg jula å ventar, heilt innerst inne. Eg vil laga sjukt fin julestemning. Eg kjem til den plassen du kaller heime. Og så feirer me i lag. Med familie og venner, liten og stor, merkelig og rar, snill og god. Jul i eit grendehus, i ei varm stue. Der snøen på taket ligg som eit lysande teppe og speiler stjernelyset frå himmelen. Der kjærleiken er rein og varm. Dette gler eg meg heilt utrulig til. Me skal vekke gamle samfunn og forsamlingshus, og me skal reise til alle flotte krikar og krokar. Det blir jul! Og aller viktigst, me skal feire det finaste me har: Kverandre ❤️ Håpar å sjå dykk der :) Kjærleik frå Daniel

Billetter og mer informasjon →

Åpne i Duito-appen

Har du ikke appen installert skjer ingenting når du trykker - dette er kun en lenke for de som allerede har Duito.

Mer som skjer i nærheten