Quiz på Bokhandelen

onsdag 23. september kl. 19:00 · Kyrkjevegen 2d, Dombås

No får du nye høve til å setja allmennkunnskapen din på prøve! Geir Snøva og Arve Larssen, dei eminente quizmeistrane våre, er tilbake for ein ny sesong med Bokhandelen-quiz, og dei inviterer til kveldar fulle av finurlege spørsmål! – Vi har plass til ti lag, og kvart lag kan bestå av opptil fire personar. – Quizturneringa går over tre kveldar, og i tillegg til heider og ære får både første-, andre- og tredjeplassen premie. – Same kva plass du kjem på, kan du samla poeng til samanlagtplasseringa i turneringa. Laget som vinn turneringa, får namnet sitt gravert på Bokhandelens vandrepokal. Meld på laget ditt innan klokka 20.00 kvelden før ved å senda ein e-post til laila@gamlebokhandelen.no eller ei melding til Bokhandelen på Facebook. Påmeldinga kostar 40 kr per deltakar. Quizmeistrane har også bede oss om å informera om at det ikkje er lov å byta ut meir enn maksimalt to deltakarar per lag per runde for å vera med i kampen om samanlagtsiger. Måtte det beste laget vinne!

Billetter og mer informasjon →

Åpne i Duito-appen

Har du ikke appen installert skjer ingenting når du trykker - dette er kun en lenke for de som allerede har Duito.

Mer som skjer i nærheten