Gitaren til Arne - ein musikalsk hyllest

fredag 6. november kl. 19:30 · Spinneriet, Hjelmeland

Dette arrangementet er over.

Gitaren til Arne Bendiksen – ein musikalsk hyllest med Svein Erik Martinsen Det er få artistar som har prega norsk populærmusikk så sterkt som Arne Bendiksen gjorde på 1960-talet. Bendiksen ville ikkje at gitaren hans skulle enda på museum. Den skulle haldast i levande bruk etter at han ikkje var meir. Då gitarist Svein Erik Martinsen fekk overta Arne Bendiksen sin eigen Levin-gitar – gitt vidare av sonen Tore Bendiksen – oppstod ideen til ei heilt særeigen konsertforestilling. I denne konserten tar Martinsen med seg eit nøye samansett lag av nokre av Norges fremste jazzmusikarar, og saman gir dei publikum jazza, varme og leikne tolkingar av Bendiksen si musikkarv. Her får du høyre både udødelege klassikarar som «Blå Ballong» og «La meg være ung», og mindre kjente perler som «Hvem har sagt jeg savner deg». Forestillinga speglar også Bendiksen sitt lange virke som jazzmusikar, produsent, studioeigar og pioner i norsk musikkhistorie – frå tida som bassist hos Rowland Greenberg til hans heilt sentrale rolle i utviklinga av norsk pop og jazz. Resultatet er ein personleg og musikalsk hyllest – til Arne Bendiksen, til ein gitar med historie i kvar fiber, og til musikaren som nå lar den klinge vidare. Ein fin kveld for alle som elskar norsk musikkarv, jazz og sterke historier formidla gjennom lyd. Konserten er ein del av Kulturhaust i Ryfylke.

Billetter og mer informasjon →

Åpne i Duito-appen

Har du ikke appen installert skjer ingenting når du trykker - dette er kun en lenke for de som allerede har Duito.

Mer som skjer i nærheten