lørdag 7. november kl. 20:00 · Løa i Tønnevik
Skyggebror er et band med seks medlemmer, men på denne konserten vil dei for første gong framføra songane i eit meir strippa format! Skyggebror har røter i Ryfylke, Sandnes, Finnmark og Sola og består av erfarne musikarar. Musikken er bygd kring tekstane til Østen Vige Bergøy, og har det eine beinet planta i fest og basar og det andre i melankolien. Tilbake i juli 2021 slapp bandet sin første single, Gardsund, og gjorde ei handfull konsertar i distriktet. I november slapp dei endeleg debutalbumet “Bensinstasjonsroser”. Albumet vert gjeve ut elektronisk og på vinyl. Songane er spelt inn, miksa og produsert i Artbeat studio av Bjørn Erik Sørensen. Jon Eirik Steinstø har laga melodiane og arrangementa. I musikken kombinerer Skyggebror element frå jazz og rock og hentar inspirasjon frå mellom anna Nick Cave, Svein Tang Wa og The War on Drugs.
Billetter og mer informasjon →
Åpne i Duito-appenHar du ikke appen installert skjer ingenting når du trykker - dette er kun en lenke for de som allerede har Duito.