Det Norske Mannskor i Ørsta Kyrkje.

lørdag 12. desember kl. 18:00 · Ørsta Kyrkje, Ørsta

Det Norske Mannskor kjem til Ørsta laurdag den 12. desember og held konsert i Ørsta Kyrkje i lag med Ørsta Mannskor. Det Norske Mannskor, tidlegare Christiania Mannskor, er Noregs beste og einaste profesjonelle mannskor og består av 18 dedikerte songarar leia av dirigent Marius Skjølaas. Koret har turnert i alle dei store byane i Noreg og har sunge ved utdelinga av Nobels Fredspris, deltatt på Stortingets juleavslutning, sunge to gongar ved den prestisjefulle Oslo Internasjonale Kirkemusikkfestival, deltatt på Nationaltheaterets Ibsen-festival og var Norges representasjonskor under Nordisk Kirkemusikksymposium i København i 2025. Koret var i august i år ett av tre kor fra Europa som var invitert til å delta på World Symposium on Choral Music i Macau i Kina. Ørsta Mannskor som står som arrangør og vil også bidra musikalsk. Elskar du kor og spesielt mannskor so er dette ein sjeldan og unik sjanse til å nyte mannskorsong på det aller høgaste nivå. Vi kan love ei oppleving utanom det vanlege og at den rette Julestemninga kjem over oss. Det er begrensa med sitjeplassar i Ørsta Kyrkje so vil du sikre deg ein plass so kjøp billetten din allereide no!

Billetter og mer informasjon →

Åpne i Duito-appen

Har du ikke appen installert skjer ingenting når du trykker - dette er kun en lenke for de som allerede har Duito.

Mer som skjer i nærheten