Svensk afton

torsdag 19. november kl. 19:00 · Lom folkebibliotek, Bergomsvegen 29, Fossbergom

Vi inviterer til svensk afton på biblioteket torsdag 19. november kl. 19.00! Vi er så heldige å ha med oss songaren Niklas Bengtsson. Niklas er ein svensk songer og låtskrivar, nå busett med familien i Lia i Lom. Han har halde på med musikk sidan han gjekk på ein musikalsk barne- og ungdomsskule i Stockholm. Han var godt i gang med karrieren da han flytta til Oslo, men tok ei lang pause for å jobbe, studere og bruke tid på familien. Nå har han «kjøpt» seg tid til å utvikle karrieren frå sitt vesle heimestudio i Lom. Ei tid brukte han artistnavnet Niklas Benjaminson, men i mai 2026 gav han ut sin første singel under eige namn på strømmeplattformane. Niklas er beskrive som «ein mannleg utgåve av Melissa Horn» og skriv nære og sårbare songar, gjerne med eit filosofisk slør over seg. Han syng mest på svensk, men også av og til på engelsk. Du kan ha høyrt han utan å vite om det t.d. i tv-serien «Mord i Sogn». Men mest av alt er han ein trubadur i god svensk forteljar- og visetradisjon. I tillegg til minikonsert med Niklas byr vi på svenske smakar levert at det framifrå kjøkkenet på Lom helseheim. Det går an å kjøpe svenske drikkevarer til maten. Vi byr også på boktips og små smakebitar av den rike svenske litteraturen. Billettar: 200 kr inkl. mat. Billettane må bestillast på førehand. Avgrensa tal plassar.

Billetter og mer informasjon →

Åpne i Duito-appen

Har du ikke appen installert skjer ingenting når du trykker - dette er kun en lenke for de som allerede har Duito.

Mer som skjer i nærheten