Julefrokost med brearkeologane // Sjå årets funn frå fjellet! Gratis inngang - påmelding på sms

torsdag 3. desember kl. 08:30 · Norsk fjellsenter, Brubakken, Lom

Kvar haust går arkeologane i “Secrets of the Ice” i fjellet i Jotunheimen, Breheimen og Reinheimen for å leite etter gjenstandar som smelter ut av isen. Over 4500 skattar er funne i Innlandet, skattar som isen har teke vare på i fleire tusen år. Brearkeologar frå Innlandet fylkeskommune og Kulturhistorisk museum kjem til Lom i desember for å gå gjennom "ferskvaredisken" og gjenstandane frå årets leiteaksjon. Etter arrangementet blir funna frakta til Kulturhistorisk museum i Oslo for konservering. Program: Frokostservering, kaffi og bålfyring frå kl. 08.30. Fagleg program frå kl. 09.30 til 10.30. Arkeologane viser bilde frå sesongen, fortel om nye erfaringar frå felt og om dei unike funna frå fjella rundt oss. Dette håpar vi at du vil vere med på! Påmelding er obligatorisk, slik at vi får nok mat til alle. Meld deg på seinast innan tysdag 1. desember på sms til Norsk fjellsenter: mobilnr. 476 14 806. Dato: torsdag 3. desember 2026 Tid: kl. 08:30 Stad: Norsk fjellsenter i Lom, Brubakken 2, 2686 Lom Inngangspris: gratis (men hugs påmelding til 476 14 806) Arrangementet er eit samarbeid med Innlandet fylkeskommune, Kulturhistorisk museum og Secrets of the Ice.

Mer informasjon →

Åpne i Duito-appen

Har du ikke appen installert skjer ingenting når du trykker - dette er kun en lenke for de som allerede har Duito.

Mer som skjer i nærheten