onsdag 14. oktober kl. 18:00 · Tveitedalen, Holmedalsvegen 530, Utåker
NYTT TILBOD I TVEITEDALEN – OPE FOR ALLE! Me har lyst til å skapa meir aktivitet, lågare terskel og fleire gode møtepunkt i Tveitedalen. Det er blitt så fint rundt 2km løypa etter flislegging, og Ternebu har og fått ei omfattande renovering, så no vil me leggje til rette for felles lågterskeltrening, og sosial samvær. Oppstart onsdag 14. oktober kl.18.00 Deretter møtest me onsdagar i partalsveker. Tanken er enkel: Ei roleg jogge-/treningsøkt der alle kan vere med på sitt nivå. Du treng ikkje vere i god form – her er det fellesskapet og det å koma seg ut som tel. Etterpå opnar me Ternebu for kjøp av kaffi, vaflar og ein god prat Og du treng slett ikkje vere med på treninga for å koma innom Ternebu. Kanskje du heller har lyst til å koke kaffi, steike vaflar eller berre slå av ein prat? Meistring, folkehelse og sterkare fellesskap – saman i Tveitedalen! Ta med deg ein ven, nabo eller kollega – dette er for alle!
Billetter og mer informasjon →
Åpne i Duito-appenHar du ikke appen installert skjer ingenting når du trykker - dette er kun en lenke for de som allerede har Duito.