lørdag 14. november kl. 21:00 · Mariannes Bakeri og Kafé, Odden 2, Aurland
""Eit urbant guffs kan jo være så mangt, men krig er i allefall skikkelig guffent!" Gjengen i URBAN GUFFS utforskar eksistensielle spørsmål gjennom kameratskap og samhald, som motpolar til frammandgjeringa i det moderne samfunnet. Deira kunst har som forutsetning at det er fred der dei bur, som gjev ekstra ansvar inn mot kva ein velger å seia som kunstnar, samt at ein har solidaritet med kunstnarar og mennesker generelt i krigsutsatte områder, som skapar kunst under veldig prekære omstende. Utover deira organisasjonsarbeid er dei interesserte i å utforska vidare korleis dei kan arbeida for fred og kollektiv samhandling gjennom musikken sin. Det vonar dei festivalen kan berika dei med. Urban Guffs er eit band sentrert rundt kameratskap, der Martin Haukedal og Frank Hannasvik skriv låtar som spring ut av framandgjeringa som finst i samfunnet vi lever i. Musikken ber preg av improvisasjon og originalitet, der alt frå eigne komposisjonar til vestlandske diktarar dannar grunnlaget for eit leikent samspel. Dei gjer samarbeid med ulike musikarar, og vil ha med seg ein musikalsk gjest for anledninga. Martin S. Haukedal: gitar og vokal Frank Hannasvik: trommer og vokal og gjesteartist Simen Wie! Enkeltbillett: Medlem/ordinær kr 300/400. 18-års aldersgrense! NB! Ingen reservasjon. Pris for helgepass, gjeld alle* programpostar heile helga: Medlem/ordinær/elev eller student kl 800/1200/600 Vil du bli medlem i Folkeakademiet Aurland? Trykk her. *Felles brunsj på Mariannes på søndagen har ein eigenandel
Billetter og mer informasjon →
Åpne i Duito-appenHar du ikke appen installert skjer ingenting når du trykker - dette er kun en lenke for de som allerede har Duito.