lørdag 21. november kl. 12:00 · Hopastova, Skulevegen 2, Aurland
Workshop i dekorteknikkar som sgraffito og inlay der ein brukar leire i ulike fargar. Kurshaldar er Mingxuan Tan. Mingxuan Tan har master i keramikk frå kunsthøgskulen i Oslo og held jamnleg workshopar på Keramikkstallen, der ho har verkstad saman med Helle Høeg Voldstad. Ho er opprinneleg frå Kina, men ho har budd i Oslo i fleire år og snakkar ein del norsk, men kurset blir halde på engelsk. Stad og tid: Hopastova laurdag 21.nov 12:00 - 13:30 og søndag 22.nov 12:00 - 13:30 Pris: 750 kr for medl., 900 kr for ikkje-medl. inkludert materiell. Påmelding ved å betale kursavgift til Aurland Husflidslag, Vipps 930787, merk innbetalinga Workshop i dekorteknikkar. Send også SMS til Torill Bruvik, mobil 934 23 934, når du melder deg på. Påmelding innan 14.november
Billetter og mer informasjon →
Åpne i Duito-appenHar du ikke appen installert skjer ingenting når du trykker - dette er kun en lenke for de som allerede har Duito.