tirsdag 24. november kl. 11:00 · Biblioteket, Bergomsvegen 29, Fossbergom
Det er vanskeleg å overdrive Storbritannias rolle i moderne verdshistorie. Som tidlegare kolonimakt, som heim for nokre av dei største forfattarane og tenkarane, og ikkje minst som leverandør av kultur og underhaldning; popartister, fotballspelarar eller kongelege skandalar. Det er så mykje som fascinerer ved Storbritannia og på same tid kan det vera så lite vi forstår. I boka Storbritannia på 200 sider tek statsvitar og historikar Øivind Bratberg lesaren med på ei reise gjennom den politiske og kulturelle historia til øyriket. Boka er utgangspunkt for dette digitale foredraget i regi av Senioruniversitetet. Gratis inngang, ope for alle. Enkel servering. Vel møtt!
Har du ikke appen installert skjer ingenting når du trykker - dette er kun en lenke for de som allerede har Duito.