onsdag 26. august kl. 09:00 · Lom Friviljugsentral, Bergomsvegen 31, Fossbergom
Eit lågterskel og sosialt kurstilbod for deg som ønskjer å bli tryggare på mobil, nettbrett og digitale tenester. På kursa tek vi opp aktuelle tema som digital tryggleik, svindel, bruk av mobil og nettbrett, bilete, lagring, oppdateringar og nyttige digitale tenester. Det blir god tid til spørsmål, praktisk hjelp og til å ta opp ting deltakarane sjølve ønskjer å lære meir om. Du treng ikkje ha mykje kunnskap frå før – vi tek det steg for steg og tilpassar innhaldet etter deltakarane.
Billetter og mer informasjon →
Åpne i Duito-appenHar du ikke appen installert skjer ingenting når du trykker - dette er kun en lenke for de som allerede har Duito.