HAPPY BLUE på Bokhandelen

fredag 27. november kl. 20:00 · Kyrkjevegen 2d, Dombås

HAPPY BLUE feirar debutplata si på Bokhandelen Gitarist Martin er ein låtskrivar som tek inspirasjon frå folkfusion-scena i Noreg, 60-tals jazz og kunstrock. Han ser på seg sjølv som ein potet musikalsk med evne til å støtta opp under andre, men også ta solistisk ansvar når augneblinken er rett. Uma er på mange måtar lik, med eit ekstra sterkt driv som bassist og ei evne til å veva saman ulike musikalske strekk. Medlemmane i HAPPY BLUE medverkar i den unge musikkgarden i Norge, i band som ULD og improtrioen GIGAMY. Kvartetten er også internasjonal, med briljante Wouter Torringa frå Nederland på bratsj og fiolin. Markus Kristiansen sin sterke melodiske og rytmiske teft bak trommene utgjer det siste leddet i gruppa. Billettar finn du her.

Billetter og mer informasjon →

Åpne i Duito-appen

Har du ikke appen installert skjer ingenting når du trykker - dette er kun en lenke for de som allerede har Duito.

Mer som skjer i nærheten