onsdag 26. august kl. 15:00 · Sula Helsestasjon, Stadsnesvegen 9B, Langevåg
PMTO Kurset er praktisk retta og vil ta utgangspunkt i daglegsdagse situasjonar i familien. Døme på det kan være morgonrutiner, leggerutiner, lekser, måltid, søskenkrangel og utfordrande samarbeid. Vi vil fokusere på korleis få til eit godt samarbeid i familien og korleis vi kan lære nye ferdigheter. Tema i kurset: Korleis legge til rette for betre samarbeid med barn Systematisk bruk av ros og oppmuntring Effektiv grensesetting og bruk av konsekvensar Tilsyn Problemløysning knytt til daglegdagse utfordringar i familien Positiv involvering og kommunikasjon med barn Handtering av søskenkrangel og raseriutbrudd Samarbeid med barnehage/ skule Kven kan vere med? Kurset er for føresette med barn mellom 4-10 år. Kurset går over 12 samlingar, med møte 1 gang i veka på 1,5 time. Mellom kvar kursdag vil deltagarane få ei oppgåve som skal øvast på heime til neste møte. Det blir satt av tid til å dele erfaringar frå arbeidet med oppgåva på kvart av møta. Lenkje til påmelding: https://dialog.sula.kommune.no/dialogue/SKO-121 For meir informasjon om PMTO foreldrekurs, og informasjon om andre lavterskeltilbod i kommunen, kan du følge lenkja under: https://www.sula.kommune.no/tenester/oppvekst-og-utdanning/lavterskeltilbod-til-barn-ungdom-og-foreldre-faq/
Billetter og mer informasjon →
Åpne i Duito-appenHar du ikke appen installert skjer ingenting når du trykker - dette er kun en lenke for de som allerede har Duito.