mandag 19. oktober kl. 17:30 · Husflidslaget sine lokaler, Reistadliane, Samnanger
Har du lyst til å lære handverk, vere kreativ og ha det kjekt saman med andre? På Ung husflid kan du prøve ulike aktivitetar som saum, strikking, trearbeid, reparasjon, redesign og mykje meir. Tilbodet passar for barn og unge som likar å skape med hendene – anten du er nybyrjar eller har prøvd litt frå før. Her er det rom for å lære, utforske eigne idear og vere ein del av eit sosialt og inkluderande fellesskap. Meld deg på via SMS til 95177937, og bli med på kreative og lærerike samlingar kvar mandag frå kl 17.30 - 18.50. Oppstart 19. oktober, siste dag før jul vert 7. desember. Påmelding innan 13. oktober
Billetter og mer informasjon →
Åpne i Duito-appenHar du ikke appen installert skjer ingenting når du trykker - dette er kun en lenke for de som allerede har Duito.