Fotokurs med Sol Fure

fredag 13. november kl. 17:00 · Hylja Lodge, Hovdasætervegen 252, Lalm

13.–14. november | For deg mellom 16 og 26 år Likar du foto, video, friluftsliv og sosiale media? Då bør du søkje om plass på fotokurs med Sol Fure! DNT ung Gudbrandsdalen inviterer til to dagar med inspirasjon, kreativitet og praktisk innhaldsproduksjon. Her får du lære korleis du kan bruke foto og video til å fortelje gode historier, skape engasjerande innhald og formidle friluftsliv på sosiale medium. Kurset handlar ikkje berre om kamerainnstillingar og fototeknikk. Vi ser også på idéutvikling, historieforteljing, formidling og korleis du kan lage innhald som fangar merksemda. Kurset passar både for deg som er nybyrjar og for deg som allereie lagar innhald. 🏡 To dagar på Hylja Lodge Kurset blir halde på Hylja Lodge, der vi også overnattar frå fredag til laurdag. Overnatting, middag og frukost er inkludert. 📅 Program Fredag 13. november 17.00 – Oppmøte og innsjekk Ankomst og innsjekk på Hylja Lodge. 17.30–20.30 – Kurs med Sol Fure Vi jobbar med foto, video, idéutvikling, historieforteljing og innhald til sosiale medium. 20.30 – Felles middag 🍽️ Vi avsluttar dagen med middag og sosialt samvær. Laurdag 14. november 08.00 – Frukost ☕️ 09.00–14.00 – Ut og lag innhald! 📸🎥 Vi går ut for ein praktisk dag der du får prøve deg på foto, video, reels og kreativ innhaldsproduksjon. Sol Fure er med og gir tips, rettleiing og tilbakemeldingar undervegs. 14.00–15.00 – Felles avslutning 🌲 Dette får du prøve 📸 Foto 🎥 Video og reels 💡 Idéutvikling 🌿 Formidling av friluftsliv 📱 Innhald til sosiale medium 🏆 Kreativ konkurranse Du treng ikkje ha dyrt kamerautstyr. Ta med det du har – anten det er kamera eller mobil. 🏆 Fotokonkurranse Som ein del av kurset får du ei kreativ foto-/innhaldsoppgåve. Her får du høve til å bruke det du har lært og lage ditt eige innhald. Vinnarane av konkurransen blir presenterte og delte på DNT Ung Gudbrandsdalen sin Instagram. Sidan kurset er gratis, må du levere ein reel eller ein bildekarusell til DNT Ung Gudbrandsdalen sin instagramkonto i løpet av 2026. 📍 Praktisk informasjon Dato: 13.–14. november Stad: ​ Hylja Lodge ​​​, Vågå Alder : 16–26 år (Eldre og yngre kan søkje, men denne aldersgruppa vil bli prioritert om kurset blir fullt) Pris: Gratis Krav: Du må vera medlem i DNT Gudbrandsdalen Her finn du informasjon om medlemskap (ungdom kr 375): Bli medlem! Søknadsfrist: 26. oktober Overnatting, middag og frukost er inkludert. Det er eit avgrensa tal plassar, og du må derfor søkje om å få delta på kurset. Arrangementet er alkoholfritt. 📩 Slik søkjer du om plass Fyll ut søknadskjema på DNT Gudbrandsdalen si nettside. Du treng ikkje ha erfaring – vi ønskjer først og fremst å vite kvifor du har lyst til å vere med. Påmeldinga er bindande dersom du får plass. Du får svar innan 26. oktober om du får plass. Har du spørsmål? Ikkje nøl med å ta kontakt med Solveig på tlf. 90142496 eller solveigbrenden@live.no Dette blir to dagar med foto, video, friluftsliv, kreativitet og nye folk – med overnatting, god mat og masse moglegheiter til å lage innhald. 📸🌲

Mer informasjon →

Åpne i Duito-appen

Har du ikke appen installert skjer ingenting når du trykker - dette er kun en lenke for de som allerede har Duito.

Mer som skjer i nærheten