Bustadpraten – ein bustad for framtida

torsdag 17. september kl. 13:00 · Sunnfjord Medisinske Senter (Legegruppa SMS 3. etg), Hans Blomgate 39, Florø

Fysio- og ergoterapiavdelinga i Florø startar opp eit nytt gratistilbod kalla Bustadpraten. Tilbodet er for innbyggarar i alle aldrar som planlegg å pusse opp eller gjere endringar i bustaden, og som ønskjer å legge til rette for å kunne bu heime lengst mogleg. Nordmenn er i verdstoppen når det gjeld oppussing av bustad. Mange brukar mykje tid og pengar på å fornye og endre bustaden sin, men utan å tenkje på framtidige behov. Målet med Bustadpraten er å gi innbyggjarane kunnskap og råd om korleis ein kan gjere bustaden meir funksjonell, trygg og framtidsretta. Enkle val og tiltak kan gjere det mogleg å bu heime lenger – både ved naturlege aldersendringar, sjukdom eller skade. Få råd frå fagpersonar Gjennom Bustadpraten kan du bestille time med ein ergoterapeut, der du kan få råd om: korleis bustaden din kan bli meir tilgjengeleg og funksjonell enkle tiltak som kan førebyggje fall og gjere kvardagen tryggare universell utforming og tilrettelegging for framtidige behov I Florø gjennomfører vi Bustadpraten kvar torsdag mellom kl. 13.00 og 15.00, med oppstart torsdag 7. september. Stad: Fysio- og ergoterapiavdelinga på Sunnfjord Medisinske Senter (3.etg). I Måløy kjem vi attende med informasjon om oppstart. Bestill time i bookingløysinga vår Du må bestille time til Bustadpraten gjennom vårt bookingsystem: Bestill time hos ein sakshandsamar – Kinn kommune. Dersom du treng hjelp til å bestille time, kan du ringe kommunen sitt sentralbord på 57 75 60 00 for bistand. For å kunne gi gode råd og rettleiing må du ta med planteikningar av bustaden til timen hos ergoterapeut, og gjerne bilete og/eller film av dei aktuelle romma som skal pussast opp/endrast, samt korleis tilkomsten til bustaden er.

Billetter og mer informasjon →

Åpne i Duito-appen

Har du ikke appen installert skjer ingenting når du trykker - dette er kun en lenke for de som allerede har Duito.

Mer som skjer i nærheten