fredag 11. september kl. 12:00 · Sula bibliotek, Fyllingvegen 11, Langevåg
Mange i lokalsamfunnet vårt kjenner seg kanskje einsame eller ønsker meir kontakt med andre. Det ønsker vi å gjere noko med! Vi har fått laga ein kaffevenn-kopp. Saman kan vi skape eit varmare samfunn - med ein kopp og ein prat. Stikk innom biblioteket og ta ein kopp gratis kaffe saman med våre kaffevertar. Du er hjarteleg velkommen til å senke skuldrane og sette deg ned for å prate over ein kaffekopp. Av og til les vi eit dikt eller ei historie høgt saman. Arrangementet er gratis, og det er ingen påmelding. Vi samarbeider med frivillige frå Langevåg Røde Kors Omsorg. Hjarteleg VELKOMMEN!
Har du ikke appen installert skjer ingenting når du trykker - dette er kun en lenke for de som allerede har Duito.