lørdag 21. november kl. 09:00 · Leikekista AS, Norge
Ei roleg stund for deg og babyen din. På denne introduksjonen får de bli kjende med babymassasje og korleis massasje kan støtte babyen si fysiske og emosjonelle utvikling , samtidig som det kan vere ein fin måte å styrkje nærleik og tilknyting mellom baby og forelder. Økta er alltid babystyrt – det er babyen som bestemmer tempoet. Treng de ein pause for kos, mat eller amming undervegs, tek me sjølvsagt det. ? De får ei kort innføring i teori og bakgrunnen for babymassasje før sjølve massasjen, som varer i ca. 15–20 minutt . Etterpå set me av god tid til spørsmål, prat og ein hyggeleg stund saman. Praktisk: Det blir varmt og godt i lokalet, slik at babyen kan liggje komfortabelt. Ta med to handkle som babyen kan liggje på og ha over seg. De får utdelt kaldpressa vegetabilsk olje som er trygg å bruke på babyhud. Me anbefaler at babyen er 6 veker eller eldre ved deltaking. Kom akkurat som de er – her er det heilt greitt med både amming, mating, bleieskift, gråt og små pausar undervegs.
Billetter og mer informasjon →
Åpne i Duito-appenHar du ikke appen installert skjer ingenting når du trykker - dette er kun en lenke for de som allerede har Duito.