Ressursgruppa til Frivilligsentralane i Ålesund kommune

mandag 2. november kl. 08:00 · Ålesund Municipality, Noreg, Ålesund Municipality

Ressursgruppa består av 2 representantar for kvar av Frivilligsentralane og den skal fungere som eit rådgjevande organ. Ålesund kommune har fire frivilligsentralar: Sandøy, Ørskog, Skodje og Ålesund. Kvar frivilligsentral har lokal tilknyting og arbeider med og for frivilligheita i sitt område. Medlemmane i gruppa skal hjelpe til å skape tettare sammarbeid mellom lag og organisasjonar og mellom frivilligsentralane i kommunen. Å vere medlem i gruppa er eit frivillig verv, ein må vere fylt 18 år og ha eit ønske om å vere engasjert i lokalsamfunnet vårt. Kva ressursgruppa skal engasjere seg i blir bestemt i gruppa, men kan til dømes vere: Dele synspunkt, idear og gi råd. Vere eit utvida nettverk for Frivilligsentralane. Kva gjer vi i 2026: I 2026 ønsker vi at kvar av medlemmane i ressursgruppa skal gjere seg kjent med kva deira lokale frivilligsentral gjer for arbeid. Dei kan bruke årsrapporten 2025 som utgangspunkt for å få ein oversikt over noko av det faste som førgår på frivilligsentralen lokalt. For å gjere seg endå meir kjend med arbeidet til frivilligsentralen er det eit ønske at ressursgruppemedlemmane finn eit av dei aktivitetane til frivilligsentralen og «heng seg på» i arbeide for å får eit innblikk i korleis ein arbeider. Representantane for Sandøy Frivilligsentral har valgt følgande aktivitetar dei ønsker å følge: Ungdomsklubben Kvalen Fole kjekt å vere sosial og digital Representantane for Ålesund Frivilligsentral har valt følgjande aktivitetar dei ønskjer å følgje: TV-aksjonen: Frivilligsentralen er ein viktig lokal samarbeidspartnar i gjennomføringa av TV-aksjonen. Kullingane: Ei satsing for innbyggarar fødde i 1961 frå heile Ålesund kommune (møteplassar, fellesskap og aktivitetar som fremjar helse, trivsel og sosial deltaking). Kunne du tenke deg å bli eit medlem av ressursgruppa - send oss ein e- post eller ring. Ønsker du å snakke med ein av representantane for ressursgruppa: ta kontakt med ein av frivilligsentralane så vidareformidlar vi beskjed.

Billetter og mer informasjon →

Åpne i Duito-appen

Har du ikke appen installert skjer ingenting når du trykker - dette er kun en lenke for de som allerede har Duito.

Mer som skjer i nærheten