NF grunnkurs førstehjelp i friluftsliv

lørdag 3. april kl. 09:00 · Langeland, Sunnfjord

Grunnkurs i førstehjelp for friluftsliv – 3.– 4. april.2027 Når uhellet er ute på tur, er det ikkje alltid tilstrekkeleg å vente på profesjonell hjelp – særleg ikkje når naturkreftene er imot oss. Korleis førebur ein seg? Kva bør ein ha i sekken? Og korleis handterer ein skadar og evakuering? Desse spørsmåla, og meir til, vil de få diskutere og øve på i løpet av denne kurshelga. Gjennom praktiske øvingar og diskusjonar vil gruppa løyse realistiske situasjonar og få erfaring med pasientbehandling i fjellet. Kurset er særleg anbefalt sommar- og vinterturleiarar i DNT. Kursstad og rammer Kurset blir gjennomført ved Røde Kors Hytta på Langeland i Førde, der vi har kort veg til det beste kurslokalet – naturen! Samstundes har vi høve til å lage mat og hygge oss innandørs på kveldstid. Laurdag kveld legg vi opp til felles middag for deltakarane. Instruktør Kurset blir leia av Jakob Årman, ein erfaren instruktør frå NF-systemet. Jakob jobbar til dagleg som sjukepleiar på ambulansen i Lærdal og har lang erfaring som kurshaldar innan klatring, bre og førstehjelp. Kursinnhald Introduksjon til utstyr, grunnleggjande teori om førstehjelp, skadestadshandtering og kontakt med redningstenesta. Praktiske øvingar på tur, der deltakarane byter på ulike roller – pasient, leiar eller frustrert gruppedeltakar. Fokuset ligg på improvisasjon og problemløysing i utfordrande situasjonar. Avsluttande øvingar og evaluering. Deltakarane bør ta med seg sin faste førstehjelpspakke, og eventuelt anna utstyr dei meiner kan vere nyttig. Dette vil danne grunnlag for praktiske læringssituasjonar og diskusjonar. Praktisk info & prisar: Vi legg opp til felles middag laurdag kveld, ta elles med det du treng av mat til andre måltid i kurset tidsrom. Kursavgift kr 2200 medlem / kr 2800 ikkje -medlem dekkar overnatting, instruktør, fellesutstyr og eit felles måltid. Påmelding er bindande og føl DNT sine generelle vilkår. Det er mogleg å sove på hytta allereie frå fredag kveld - laurdag om ein har lang reiseveg. Skriv ev behov i kommentarfeltet. Detaljert program, pakkeliste og annan informasjon blir sendt ut frå kursleiar. Anbefalt litteratur: Boka førstehjelp på tur: Fjell-, høyde-, og reisemedisin.

Billetter og mer informasjon →

Åpne i Duito-appen

Har du ikke appen installert skjer ingenting når du trykker - dette er kun en lenke for de som allerede har Duito.

Mer som skjer i nærheten