Julesong i Vereide kyrkje

søndag 6. desember kl. 17:00 · Vereide kyrkje

I meir enn ti år har Julesong spreidd lys, glede og julestemning i kyrkjer og kulturhus rundt om i Vestland. Med tre unike solistar og eit erfarent lag av musikarar har konserten blitt eit fast og kjært innslag i førjulstida for mange. Julesong er kjend for sitt varierte program som spenner frå dei store juleklassikarane til salmar, gospel og folketonar – men også moderne musikk som høver i juletida. Det er nettopp denne breidda som gjer konserten til noko heilt spesielt: ei blanding av tradisjon, nærleik og nytolking som treff publikum i alle aldrar.

Billetter og mer informasjon →

Åpne i Duito-appen

Har du ikke appen installert skjer ingenting når du trykker - dette er kun en lenke for de som allerede har Duito.

Mer som skjer i nærheten