onsdag 19. mai kl. 17:30 · Ogna kyrkje, Kyrkjeberget 1 Sirevåg
Foto: Ragnar Egeland Turen starter frå parkeringsplassen ved Ogna kyrkje. Vi går langs vegen til Svingen grill. Herfrå går turen langs Ognaelva, langs stranda fram til hyttefeltet. Turen fortset gjennom Sirevåg sentrum og opp på Vedafjellet. Her hadde tyskarane ein post med mange kanonstillingar. Det er også ein del tunnellar inne i fjellet. Det er mogleg å ta seg inn i nokon av desse. Returen går ned over indre kai i Sirevåg og tilbake til bilane på sti gjennom skogen. Det er og muleg å ta tog til denne turen. Ta kontakt med turleiar dersom du har spørsmål til turen eller oppmøtepunkt. Oppmøte: Parkeringsplass ved Ogna kyrkje kl 1730 Turleiar: Inger Johanne Jaarvik Rørheim, mobil 905 90 227 Ivar Jaarvik, mobil 977 66 995 Denne turen er ein av nærturane som går anna kvar onsdag kl 17.30 på Jæren. Nærturane er eit samarbeid mellom Jæren Turlag og kommunane Time, Hå, Klepp og Gjesdal. Jæren turlag har eit fadderlag som har ansvaret for merkinga av 25 nærturar i dei fire kommunane. Følg gjerne turlaget på Facebook Stavanger Turistforening arrangerer turer hele året. Mange av våre turer er gratis og åpne for alle, men vi oppfordrer alle til å melde seg inn for å støtte arbeidet vårt. dnt.no/medlem
Har du ikke appen installert skjer ingenting når du trykker - dette er kun en lenke for de som allerede har Duito.