Korpsøvingar

tirsdag 13. oktober kl. 18:00 · Kulturscena Bygland, Fv322 140, Bygland

Bygland hornmusikk øver på kulturscena (Bygland skule) kvar tysdag. Annan kvar tysdag kjem og dei frå Hovden, Bykle, Valle , Evje, Iveland og Kristiansand - då kallar vi oss gjerne Noregs lengste korps! Vår faste dirigent er Ingrid Eieland Flåt - Ho syter for at vi har fine musikkstykkje å spele på, musikalsk utvikling og muntre øvingar! Det unike er at alle bjudar på og er seg sjølve - og at vi er ganske så uhøgtidlege på unoter og ditto fornøgde når det kjem gromme klangar og det let slik vi gjerne vil! Korpset er summen av ulike folk med positiv innstilling og mykje buldrande korpsglede og passe store ambisjonar på eigne og alles vegne. Då let det gjerne overraskande bra! Alle som held seg i regionen i kortare eller lengre periodar i regionen - som elevar ved vidaregåande skular, folkehøgskular, insitusjonar eller har flytta hit av ein eller anna grunn - er velkomen til å bli med av og til eller fast :-)

Billetter og mer informasjon →

Åpne i Duito-appen

Har du ikke appen installert skjer ingenting når du trykker - dette er kun en lenke for de som allerede har Duito.

Mer som skjer i nærheten