Melsskogen

onsdag 28. april kl. 17:30 · Melsvatnet Parkering #1, Fv506, Bryne

Turen starter frå den midtre parkeringsplassen ved Melsvatnet. Vi tek først ein runde i Melsskogen, skogen på andre sida av vegen. Her er det flotte tilrettelagde stiar. Vi tek så ein runde rundt Melsvatnet, på god grussti. Turen er enkel og passer for alle. Ta kontakt med turleiar dersom du har spørsmål til turen eller oppmøtepunkt. Oppmøte: Melsvatnet, midterste p-plass kl 1730 Turleiarar: Gro Mabel Sele Anda, mobil 992 77 051 Tone Karlsen, 957 43 607 Denne turen er ein av nærturane som går kvar annan onsdag kl 17.30 på Jæren. Nærturane er eit samarbeid mellom Jæren Turlag og kommunane Time, Hå, Klepp og Gjesdal. Jæren turlag har eit fadderlag som har ansvaret for merkinga av 25 næturar i dei fire kommunane. Følg gjerne turlaget på Facebook. Støtt Stavanger Turistforening/Jæren turlag og bli medlem dnt.no/medlem

Billetter og mer informasjon →

Åpne i Duito-appen

Har du ikke appen installert skjer ingenting når du trykker - dette er kun en lenke for de som allerede har Duito.

Mer som skjer i nærheten

Mer som skjer i Sandnes →