onsdag 30. desember kl. 19:00 · Dovre kyrkje, Dovre
GAL OG GENIAL er temaet for Dovrejul 2026. På denne kyrkjekonserten får du høyre alt frå barokmusikk, folkemusikk og tango, til urframføring av komponist Martin Korssletten frå Otta. Vi ynskjer å utforska dei skjøre grensene mellom “normal” sinnstilstand, galskap og genialitet. Kvar går grensa? Er galskap nødvendig for kreativitet? Ungdom frå Nord-Gudbrandsdalen vart inviterte til å skriva tekstar om kvardagen deira i 2026. Desse tekstene vert brukte i tingingsverket av Martin Korssletten der Lesja barnekor syng med barokkensemblet C4 og tekstar blir lese av skodespelar Sofie Huijs. Artistar: Barokkensemblet C4, utvida til 9 personar Ingeborg Dalheim - sopran Per Arne Glorvigen-Trio: Per Arne Glorvigen - bandoneon Daniela Braun - fiolin Arnulf Ballhorn - kontrabass Bjørn Sigurd Glorvigen - folkesong Ådne Svalastog - trøorgel Martin Korssletten, komponist Sophie Huijs, tekstlesing Lesja Barnekor med dirigent Solfrid Kvarmestøl Grønbeck
Billetter og mer informasjon →
Åpne i Duito-appenHar du ikke appen installert skjer ingenting når du trykker - dette er kun en lenke for de som allerede har Duito.