«MINE HEILAGE TRE KONGAR» ei juleforteljing av Torvald Sund - med julebord

lørdag 28. november kl. 18:00 · Vatn bistro, Åsen

«MINE HEILAGE TRE KONGAR» ei juleforteljing av Torvald Sund Vi legg opp til ei perfekt opplading for julestemninga dagen før fyrste sundag i advent. Rabarbrateateret i Trodheim produserar denne førestillinga som som er skreven av Torvald Sund blir framførd av Stian Hovland Pedersen. Julematen står vi for sjølv. Det blir ribbe, julepølser, medisterkaker, raudkål, skjysaus og potet i to serveringar. Dessert og kaffe blir det sjølvsagt óg. Lille julaftans kveld ein gong på tidleg 1970-tal, står det ein ung student på Østbanen i Oslo og lengtar heim til jul på Trøndelagskysten. Dit er det uråd å koma seg for han har berre ei krone i lomma. Dessutan er alle tog fulle av reisande. Da kjem ein konduktør frå NSB bort til han og seier det fins ei råd for deg, men da må eg ta pant i noko viktig du har. Studenten grip sjansen, men plages resten av livet fordi han ikkje får innfridd panten, og betalt gjelda si. Men i kveld får han gjort opp for seg når han fortel om reisa og møtet med tre heilage kongar. Historia skapar god gamaldags julestemning frå tida før mobilane og internett erobra oss. Ei tid i Noreg før oljerikdomen, da vi var litt fattigare og mindre egoistiske, men såg kvarandre og hjelpte kvarandre. I dag er studenten ein gamal mann og han begynner å gjera opp gjelda si da han ser ei kvinne med to svoltne ungar som ser ned i Frelsesarmèens tomme matkasse. Kring matkassen har kjøpesentret sett opp ei utstilling der dei tre heilage kongane står med hendene fulle av gåver, og dei kongane der vil ikkje den eldre Herren kjennast ved.

Billetter og mer informasjon →

Åpne i Duito-appen

Har du ikke appen installert skjer ingenting når du trykker - dette er kun en lenke for de som allerede har Duito.

Mer som skjer i nærheten