onsdag 12. mai kl. 17:30 · Friluftshuset Orre, Nordsjøvegen 913, Orre
Oppmøte ved Orre Friluftshus. Me går sørover på innsida av sanddynene og oppover vegen langs Orreånå. Her vil turleiar fortelja om ålefisket som var god attåtnæring for gardsbruka. Middelalderkyrkja frå ca.1250 ligg like ved. Lege og professor Per Fugelli hadde hytte her. Forfattar Alexander Kielland var gjest på Orre av og til. Tilbaketuren går langs sjøen. Ta kontakt med turleiar dersom du har spørsmål til turen eller oppmøtepunkt. Frammøte: Orre Friluftshus. Turen starter her kl 1730 Turleiarar : Berit Orre mob. 932 17 255 og Inger Egeland mob. 995 98 409
Billetter og mer informasjon →
Åpne i Duito-appenHar du ikke appen installert skjer ingenting når du trykker - dette er kun en lenke for de som allerede har Duito.